Det er jo berre tøv å avskrive f.eks. globalresearch.ca som ein konspirasjonsnettstad. Om ein skulle dømme alle medium på grunnlag av det dummaste dei har hatt på trykk, så kunne vi sjølvsagt heller ikkja tatt i klassekampen med eldtong heller.

Eg kjenner ikkje Kjelsberg, men det vekker jo ei viss merksemd når ein klarer å stappe sitt eige hovud såpass langt opp i eiga ræv samtidig som ein slår vilt rundt seg med usaklege utstemplingsforsøk mot andre.

Kvar hentar han autoritet frå til å kreve at alle skal tru 100% på alle dei offisielle eventyra om 11.september, vere fullstendig ukritiske til all reklame frå medisin-industrien og ha eit religiøst forhold til visse teoriar om klimaforandringane. Er det så innlysande at alt dette er ein svart-kvitt-kamp mellom dei gode og dei onde?

Og kva er eigentleg logikken bak å lage eit tabu av å lese andre artiklar om andre tema og av andre forfattarar, berre fordi dei har vore publisert av media som også har publisert artiklar som Kjelsberg meiner inneheld tankebrotsverk?

Eg kan forøvrig avsløre at eg nettopp har fått i hende ein bunke ferske eksemplar av det norske konspirasjonsmagasinet "Sosialistisk Framtid", som ved fleire høve opp igjennom åra har skrive om konspirasjonar og konspirasjonsteoriar. I dette siste magasinet viser det seg at sjølvaste Ronny Kjelsberg har ein artikkel side om side med to artiklar omsett til norsk av konspirasjonsteoretikaren Asgeir Bjørkedal.

Asgeir Bjørkedal har sidan 2002 konsekvent hevda offentleg at filmoptaka av kollapsen til skyskraparen WTC7 beviser ut over all rimeleg tvil at denne skyskraparen bleir riven med sprengstoff. Dette er som kjent er langt utanfor rammene av kva det er lov å snakke om i godt selskap. Han har også skrive ein heilt kriminell artikkel om 11.september-angrepa som stod på trykk i nettopp Sosialistisk Framtid (eller den gongen "Fremtid") for berre 10-12 år sidan. i tillegg til den tredje skyskraparen pirka han her borti både Pentagon og visse dansande israelarar. At han er antisemitt må dermed vere heva over all rimeleg tvil,

At den eine artikkelen han har omsett i dette siste nummeret handlar om teoriane til den jødiske Murray Bookchin og verknadane av hans teoriar i Kurdistan i dag, må reknast for ein rein dekkoperasjon. Eller kanskje er også Bookchin sjølvhatande jøde? Den andre artikkelen om krigen mot Libya, av Alan Kuperman, ser derimot ut til å innehalde fleire eklatante brot med NATOs propaganda og må derfor reknast som reinhekla konspirasjonsteori.

Men det sluttar ikkje der. Bladet inneheld også ein artikkel av Paul Craig Roberts, tidlegare amerikansk statssekretær som har skusla vekk alt sitt truverd gjennom å vere fast bidragsytar med drøssevis av artiklar på http://www.globalresearch.ca/ sidan nettsida vart oppretta.

Som om ikkje det var nok er redaktøren i bladet Aslak Storaker. Han har blitt tatt fleire gongar i å vere usamd med både John Færseth og Hanserasmus Steinfeldt om Ukraina. For dei som ikkje umiddelbart fattar kor lugubert dette er kan eg minne om at han også er medarbeidar i Ny Tid som opptil fleire gongar opp igjennom åra har trakka feil og skrive om tabu-emne når det gjeld 11.september. For ikkje å snakke om at avisa også har konspirasjonsteologen Ola Tunander som fast skribent. Say no more.

Til og med Elisabeth Reehorst får sleppe til i bladet med sitt tankegods om Syria, som er langt frå så fiksert på Problemet Assad som vi forventa i dei meir salongfahige delane av venstresida.

Kan Kjelsberg vere så naiv at han er uvitande om alt dette?

Sosialistisk Framtid blir gitt ut av Bevegelsen for Sosialisme, ein grusom revolusjonær og/eller reformistisk konspirasjon. Kva som har gått fore seg av skummel tenking i denne ganske skjulte organisasjonen kan ein no skue i full offentlegheit på derimot.no, driven av Knut Lindtner som har vore sentral i BfS.

På grunn av spreiingsfaren kan eg ikkje legge inn link til denne konspirasjonsbloggen, men det burde vere nok å nemne at den saman med Steigans blogg, Midtifleisen og "Vi som bryr oss om Klassekampen" på facebook er dei skumlaste norskspråklege konspirasjonssidene internettet har å by på. Der fins det knapt nok grenser for kven som kan bli utsett for søkelys og kritisk tenking.

Likevel let altså Kjelsberg sine artiklar publisere i dette magasinet, for dette er slett ikkje berre eit enkelttilfelle.

Så no skulle det vel vere klart for dei fleste at Kjelsberg har bikka heilt over?

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering