Vel, det ser ut til at det er delte meiningar i Enhedslisten om revolusjonær retorikk:

http://www.bt.dk/politik/johanne-dropper-revolutionen
http://ekstrabladet.dk/nyheder/politik/danskpolitik/article1613279.ece

Kor stor tyding slike prinsippspørsmål har er ikkje godt å seie. Eg brukar seie at SV har det beste prinsipprogrammet, medan RV/Raudt har det beste arbeidsprogrammet. Det er klart at det tel med i partival, men det er knapt det viktigaste.

Det verkar som om det generelt er lettare å etablere nye parti i Danmark. Dansk Folkeparti og Ny Alliance, seinare Liberal Alliance, er andre døme på dette. På den andre sida har parti som Centrumsdemokraterne, Kristelig Folkeparti og Fremskridtspartiet forsvunne ut av Folketinge dei site ti åra. Det er òg mykje vanlegare at etablerte politikarar skifter parti eller blir "løsgængere". Den låge sperregrensa i Danmark må vere ei årsak til at det har gått lettare å byggje opp nye parti der. RV og Raudt har hatt fylkestingsval over 2%, og det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at det kan vere nokre promille av veljarane som ikkje røyster på partiet i Stortingsval av di dei er sjanselause på mandat i dei aller fleste fylka.

Elles er vel Enhedlisten er ein slags valallianse, med fleire "parti i partiet", i tillegg til mange direktemedlemmer, og minner såleis kanskje meir om Raud Valallianse enn Raudt i struktur? Endringa frå RV til Raudt har iallfall ikkje gjeve partiet noko spesiell framgang i vala.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering