FFT slår meg som ein særs vondsinna person. Eg har mista fullstendig tal på kor mange personåtak og beint fram grufulle fråsegner du har skrivi i denne debatten, det er openbert at han ikkje har den minste respekt for livet og arbeidet til Onar Åm, og det er for meg ganske snodig at ikkje Ronny påpeikar dette sjølv, og heller skriv at han "selvsagt har mest sympati med [FFT]". Onar har haldi seg relativt roleg og sakleg gjennom heile debatten og han har trekt fram kjelder for å underbyggja sine påstandar og standpunkt. FFT er gått fullstendig av skaftet ved fleire høve, og utan at eg kjenner at eg må trekkja fram heilt spesifikke døme på det, er "crybaby"-replikken verdt å nemna. Du jamsteller altså Onar Åm med ein simpel skrikarunge, men no er er faktisk FFT sjølv som misbruker caps lock-tasten sin, og det er FFT som nekta å leggja ut om sine påstått openberre årsaker til at Onar Åm har totalt misforstått marxismen.

Eg kan like gjerne innrømme det: eg er medlem i DLF. Eg oppgav meg sjølv ovafor som politisk nøytral, delvis fordi det er lettare å verta teken seriøst på den måten, og òg fordi eg trur at det nesten heilt sikkert ligg fleire ting i Ronny sine tankar som eg kan læra noko av og dermed betra mitt eige politiske standpunkt. Eg ønskjer å setja meg inn i politikk og læra om det, undersøkja det og forstå det. Eg vil ha solide fundament for mine tankar. Eg ønskjer ikkje å følgja konsensusen, og eg vil ikkje stola blindt på det DLF-arar seier om ikkje-DLF-arar, eller det ikkje-DLF-arar seier om DLF-arar. Eg vil veta.

Så korleis hamna eg i DLF? Vel, eg var tidlegare med i Venstre, med ein vag sympati for sosialliberalisme. Etter å ha lesi gjennom fleire diskusjonar med folk frå DLF, og å ha vori utsett for liberalismen sine grunnidear i over eit år i ymse former, er eg komen fram til at eg ikkje kan sjå gode argument mot DLF sin politikk eller moralske system, og at eg derimot ser enorme problem med politikken til og det moralske ved andre parti, eg ser at norske liberalistar er utsette for nesten grufulle overfall gjennom norsk politikk, og aller viktigast - at DLF-arar ønskjer éin einaste ting (på det fundamentale nivået), og det er at alle får styra liva sine heilt sjølve. Frie frå demokrati. Eg klarte ikkje, klarer framleis ikkje, og har heller aldri sett nokon som helst andre klare å koma med eit einaste godt argument mot dette med rot i røynda.

Det tok enormt lang tid før eg aksepterte DLF, nettopp fordi det representerer fundamentale, radikale endringar i eit tankesystem som motstridar det den offentlege skulen har banka inn i hugen min. Vegard Martinsen sin "Om å få gjennomslag"-artikkel oppsummerer min prosess ganske flott. Eg hadde enormt mange sjansar til å snu i døra på mi særs langsame ferd inn i partiet, og eg var svært lenge open for både Frp, Raudt og sjølvsagt Venstre, og eg er framleis viljug til å sjå på argument for alle slags politiske system og grunntankar.

Poenget er: DLF "lurte" meg ikkje inn med lovnader. DLF "overtydde" meg derimot inn, med fakta og kunnskap. Fakta og kunnskap som eg gang på gang såg leggjast fram, utan at nokon kunne motprova. Eg misliker faktisk fleire av DLF-arane som eg har sett i diskusjonane eg har lesi meg gjennom, men argumenta var vasstette. Når eg tok av meg dei subjektive brillene som Ronny framleis har på (og eg seier dette fordi han ikkje har teki eit oppgjer med FFT sin beint fram grufulle retorikk), og tillét meg sjølv å seia "kanskje DLF har rett, uavhengig av om eg personleg og subjektivt liker DLF-arane eller ikkje?" kom eg fram til at DLF var, og er, partiet for meg.

DLF er ikkje ei sekt, men ei lita samling av individ som ønskjer komplett sjølvstende og kontroll over liva sine. Liberalistar er fredelege folk, ikkje overfallsmenn eller tilhengjarar av diktatur eller kva no enn anna FFT har påstått. DLF er heller ikkje lukka for motargument; DLF er ope for dei. DLF kan ikkje vera blindt for antikapitalisme og kan ikkje avvisa det ikkje kontant eller forklara det burt med sirkulær logikk. DLF må taka skikkelege oppgjer med problema ved kapitalistisk politikk og må sitja på eit solid og fornuftig grunnlag for kapitalismen. Ellers kan kven som helst koma med fakta, forsking og fullstendig vasstette argument som seier at samfunnssystemet til DLF er katastrofalt (slik det ser ut som at FFT sjølv trur at han allereie har, utruleg nok). Dessutan; våre grunnidear om at kvart individ har retten til livet sitt uavhengig av ein stat, er ikkje meir overtru eller absurd enn grunnideen om at konsensus inneber legitim sanning; òg kalla fleirtalsstyre, òg kalla demokrati.

Det som derimot *er* lukka, er å umiddelbart avvisa DLF som "feil", utan å via eit einaste sekund av tida si på tanken om at det kanskje ligg noko i partiet. Du må gjerne koma fram til at DLF er "feil" (forklar meg gjerne kvifor - eg er absolutt ikkje oppteken av å bare ha rett, fullstendig utan vidare), og at eg er gått meg vill i ein skikkeleg grufull ideologi som eg straks bør koma meg ut av, men eg aksepterer ikkje at dette er nøytralt, objektivt eller sant om du har arbeidd med eit utgangspunkt i subjektiv antikapitalisme og/eller bruker spekulative, fjerne situasjonar som argument framfor logiske argument.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering