Stråmann? Eg presiserer at eg ikkje prøver å argumentera her, og heller vil eg ikkje ha debatt - eg bare spør spørsmål om ting som eg fullstendig oppriktig og hundre prosent ærleg undrar meg på. Eg har eigentleg aldri sett ein einaste diskusjon som faktisk har klart å rokka på posisjonen til nokon av debattantane, så eg tviler sterkt på at eg vert særskilt klokare av å bare krangla med folk om ting som eg eigentleg ikkje veit mykje om.
Eg såg litt på denne The Spirit Level-boka som du sikta til. Denne boka legg fram statistikk på at samfunn som er prega av meir likskap, gjer det betre i sosiale spørsmål som utdanning og liknande. Reint faktamessig er dette interessant, men eg må spørja meg sjølv: Tyder dette at samfunna som gjorde det dårlegast i undersøkingane, vil automatisk få betre resultat om dei tek steg mot likskap? Eg ser ikkje samanhengen. I samfunna som gjorde det best, har likskapen i løna voksi fram meir eller mindre naturleg, utan statlege inngrep. Desse naturlege utjamningane har hatt målbare positive effektar på samfunnet, men dette medfører ikkje dermed at tvungne utjamningar vil få positive effektar.
Teorien min er at ettersom alle samfunn med stor grad av likskap generelt er meir stabile, medan samfunn med store sosiale skilnader vil vera prega av konflikt, og dermed gjer det dårlegast. Dei sterke gruppene i samfunnet vil vera i konflikt med dei veike gruppene, og når vi har store grader av ulikskap, er det vanskeleg å ha noko objektivt oversyn over kven som er den veike gruppa og kven som er den sterke gruppa.
Er dei rike mektigast i samfunnet fordi dei er rike, eller er dei fattige mektigast fordi dei er flest og har fleire røyster ved val? På nasjonalt plan er kanskje nynorskgruppa ein språkleg minoritet og veikast, men i fylket Sogn og Fjordane er det bokmål som er minoriteten og dermed veikast. På nasjonalt plan er innvandrarar ein klar minoritet, men i mange barnehagar i Oslo er det etnisk norske som er i minoriteten.
Korleis løyser ein desse "problema" med ulikskap? Distribusjon av pengar gjennom skatt, slik at alle i samfunnet har meir eller mindre like mykje pengar? Omplasseringar av alle nynorskfolk, slik at alle stader har ein meir eller mindre lik prosentdel av folkesetnad med nynorsk som målform? Omplassering av barnehageborn av utanlandsk opphav, slik at alle stader har ein lik prosentdel av etnisk norske born i barnehagen? Om prinsippet ikkje fungerer for dei siste to tilfella der (og eg trur dei fleste er samde med meg om nettopp dét), kvifor skulle det fungera i det fyrste tilfellet?
Nazismen si løysning er å eliminera fråvika; kommunismen si løysning er å jamna ut skilnadene, medan kapitalismen si løysning er å lata folk leva i fred. Eg trur at problema knytte til sosial ulikskap er fullstendig uoverkomelege og ein sentral del av vår sosiale natur. Eg trur at å motarbeida det er ei enormt uheldig løysning, og eg har difor større tru på kapitalismen her.
>Iht. USA reiste jo folk dit fordi det var et land rikt på naturressurser og jord. Her i Norge var befolkningen stor og det var dårlig med matjord, og det var ikke spesielt mye velferdsordninger noen steder den gang. I dag gjør ikke USA det spesielt bra på sosiale indikatorer.
Eg er ikkje usamd, men eg undrar meg på kva årsaka til dette er. Er det som følgje av manglande sosiale ordningar, eller kanskje på grunn av stadig voksande sosiale ordningar? Det er jo ikkje som om USA har fått *færre* sosiale ordningar dei siste åra, men likevel går utviklinga i den retninga at gjelda til USA vert større, samstundes som levekåra vert verre, istaden for at aukande sosiale ordningane har fått ting på plass.