Takk for interessant innblikk. Eg trur di forklaring 1 og 2 har mykje føre seg. Når ein har investert mykje emosjonelt i eit tankesystem på ein slik måte at viktige delar av verdsbiletet fell saman om det vert påpeikt éin liten brest i resonnementet, så er det lett å oppleve forsøk på sakleg debatt som personåtak. Dette skil seg sjølvsagt frå situasjonar der den emosjonelle investeringa er klarare åtskild frå det eksplisitte tankesystemet, altså der emosjonalitet og rasjonalitet ikkje overlappar i like stor grad. Det gjeld forresten heller ikkje berre alternativrørsla, det kan like gjerne gjelde interesseforeiningar og livssynssamfunn, religiøse som ikkje-religiøse.
Til fotnote 4 vil eg elles leggje til ein annan grunn til at folk kan velje å prøve alternativ medisin: I påvente av at helsevesenet skal flytte ein pasient frå kø nr. n til kø nr. n+1, eller i møte med personell som er lite interessert i å undersøkje pasienten (sjølvopplevt: «det symptomet skal ikkje vere der, så eg vil ikkje undersøkje deg, gå heim med deg og tenk ikkje meir på dette»), kan alternativ medisin fungere som ei avveksling frå «ingenting skjer»-galeien. I slike tilfelle vil ein kunne vente at dei emosjonelle banda til alternativ medisin er langt svakare, sidan emosjonalitet og rasjonalitet ikkje overlappar i særleg stor grad.
Men det finst også ein annan grunn til at folk kan ty til alternativ medisin: tilrådingar frå skulemedisinarar. Når eg to gonger dei siste åra har opplevt at ulike slags spesialistar har tilrådd alternativ medisin (den eine fordi mitt problem låg eit par cm utanfor spesialistens spesialområde), kva opplever då andre pasientar?