Global handling mot fattigdom

Av Pål Hellesnes, innleiing til debatten "Global call to action against poverty" på Trondheim sosiale forum, 2005.

Fattigdomsbekjemping er eitt av dei mest brukte omgrepa i internasjonal politikk dei siste åra. ”Alle” er for ”fattigdomsbekjemping”, frå Kjell Magne Bondevik til Wolfensohn i Verdsbanken til Kristin Halvorsen. Og ordet har vorte nytta mer og meir dess raskare den såkalla ”globaliseringa” har utvikla seg.

World Economic Forum i Davos diskuterer ”fattigdomsbekjemping”. Resepten er klår, frå det haldet: Verda treng meir, og meir fri handel. WTO-avtalen er ikkje nok, det trengs handel med tenester, så vi får GATS, og det trengs avatalar om internasjonale investeringar, så vi får MAI. Gjennom å selga varer til det rike nord skal det fattige sør komma seg ut av ”fattigdomsfella”, og få penger til å stå på eigne bein. Og dei bør satsa på ”komparative fortrinn”. Interessant nok, er det ofte arbeidsintensive, teknologifattige område som banandyrking, kvegavl eller til nød sying av merkevarer for vestlige forbrukarar. Vegen til ei leveleg framtid for den tredje verda går gjennom Chiquita og Nike, om vi skal tru dei økonomiske og politiske elitane.

Siden dette har vore lina i godt og vel 25 år no, kan vi jo freista oppsummera korleis det har gått. Eit kvart århundre burde jo gi grunnlag for refleksjon. Og det fins ein del svar: IMF sine tal – og i denne diskusjonen kan det jo vera greit å ta utgangspunkt i dei, dei kan i alle fall ikkje skuldast for å driva propaganda for venstresida – syner at medan dei ”avanserte landa” i 1980 hadde omlag 71% av dei totale inntektene i verda, hadde dei i år 2000 81%. I same periode gjekk dei ”avanserte landa” sin del av folket i verda NED frå 20% i 1970 til 16% i 2000.

54 land har opplevd reduksjon i inntekter per person, og i 34 land falt forventa levealder i perioden. Om ein ser bort frå Kina, aula talet på folk som svelter i verda i løpet av 90-talet, og talet på ”ekstremt fattige” auka med 28 millionar. Fasiten er med andre ord ikkje spesielt hyggeleg. Kvifor er det slik?

For det første er det ei mistyding i debatten om internasjonal økonomi at det vert sett som synonymt med handel. Men det viktige er jo produksjonen. Ingen kan handla seg ut av fattigdom – det er berre gjennom å bygga opp eigen produksjon at ein kan koma seg ut av fattigdomsfella. Det er ein grunnleggande samanheng mellom oppbygging av ein eigen levedyktig industrisektor og oppbygging av menneskevenlege samfunn.

For det andre er det ein grunnleggande føresetnad for å få bygd opp eigen nasjonal industri at ein kan verna denne industrien mot ekstern konkurranse. Det finnes ikkje eitt døme på ein stat som har kome seg ut av fattigdom utan å føra ein proteksjonistisk politikk for eigen produksjon. Dette gjeld dei vestlege statane vel så mykje som ”nye tigre” – tidlegare fattige land som har kome seg nokre skritt opp.

Dette er jo eigentleg innlysande – ein kan ikkje forventa at land utan infrastruktur, utan høgt utdanna folk og utan tilgang til teknologi skal kunne konkurrera med internasjonale gigantar med 100 års industritradisjon. Å preika auka frihandel i verda i dag er som å invitera u-landa til å delta i eit Monopolspel der vi i dei rike landa sitt med hotell på Rådhusplassen, Ullevål Hageby, Pilestredet, Skarpsno, Slemdal, Carl Johan og dei andre når vi startar spelet, og så kan u-landa få Parkveien og Kirkeveien som startkapital. Og i motsetning til vanleg Monopol startar u-landa spelet med å skulda dei rike landa mange penger. Det er dette som vert kalla ”Fri konkurranse”, og alle stiller likt...

Alternativt så kan vi regulera den internasjonale handelen, og akseptera at ulanda vernar sine eigne marknader og eigne industriar, og driva direkte massiv teknologioverføring til dei. Trass alt har vi haldt dei nede i søla i ein del år – det er berre rimeleg at vi hjelper dei litt igang.

Det er i det heile alt for mykje snakk om ”fattigdomsbekjemping”. Når skal vi ta fatt på ”rikdomsbekjempinga”?

Skriv ny kommentar

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering